SOLUND DAGEN  august 2011

hadde Slow Food Solund og Pensjonistlaget eit mat stand der vi

serverte restemat..


«Bestemormat »

Her bugna bordet av plukkfisk, plukkfisk kaker, brandade , flatbrød russisk               

sildeslat, brødpudding med saft saus,natron kaker, hollansk salat m.m



   KULINARISK AFTEN

    Havkroa i Hjønnevåg


Fredag den 3 juni 2011

Vi smaka oss gjennom ulike småretter

frå sjøen, bla brandade, fiskekaker, salma laks, fiskesuppe, mm

til desert; heimelaga is med granskuddsirup.


Innimellom mat og prat fekk representantar for

Solund mat, Kystkulturakademiet og

Slow Food Solund gje ein kort presentasjon av dei ulike virksomhetene.

Dette gav grunnlag til påfølgende diskusjon.


tilbake til Første sida



Vi står for glede og ansvar

.


Medlemsmøte blei ein stor

suksess.


Heile 20 Slow Food Solund medlemmar møtte til denne medlemskvelden på Solund Bryggje 22.juni. Det vart ein riktig festkveld som varte inni i dei små timar.


Solund Bryggje på Hardbakke har i år fått nytt vertskap med kokkane Mats Vaulen og Trine Østby.

Dei som allereie har fått glede av å nyte eit måltid på Bryggja kan bekrefte at vi har ein

restaurant i Solund som held verdens klasse.

Mats seier sjølv at han ikkje vil kalle dette for gourmet mat, men det er tett på.

Det er og viktig for dei nye vertane å bruke lokale matressursar. Ein av leverandørene er Solund Mat, frå fiskemottaket i Ytrøy, der Øyvind Lending syter for kvaliteten av fisken som hamar på «Sulingane» sitt bord.

Med nærfiska og garantert ferske råvarer får dei som gjestar Bryggja garantert ei god mat oppleving.

Vi i Solund Slow Food fekk ein tre retters middag vi seint vil gløyme. Nok ein gong viser kokken at han kan levere nyskapande og spennande mat.  .

Saman med maten var det mulig å kjøpe en vinpakke tilpassa menyen.


Her er menyen vi fekk:

Forrett: Sjøkrepssuppe med breiflabb, blomkålkrem, vårløk og dill. Til det drakk vi en Sancerre «Paul Buisse»

Hovudrett: Klippfisk av lange frå Ytrøy, plukkfisk, sommarkål frå Lærdal

Egg frå Nessa, bakt på 63grader

Brunt smør med bacon, vi drakk rødvin SP 68.

Dessert: Tjukkmelks pudding frå Røros m/rabarbra og jordbær kompott toppet med krydderstekt kavring. En rosévin til dette, Prosecco Rioudo pink.


Det seier seg sjølv at ein vert glad og fornøyd etter eit slikt måltid.


Kveldens program:

Repetisjon av kjerneverdiane for Slow Foods arbeid, det internasjonale arbeidet, litt om deltaking på Terra Madre i Røros 2013 og det vart diskutert om ein vil reise til Terra Madre i Torino 2012. Vi har ikkje tatt noko avgjersle, men held det ope.

Litt om arbeidet fram mot Solund-dagen. Der har vi eit samarbeid med pensjonistlaget, Frivilligsentralen, og Kvinne og familielaget. Vi vil presentere likt opplegg som i fjor, Då var det Bestemor mat og restemat som vart servert frå vår felles stand. Plukkfiskkaker, brandane, brødpudding og natronkaker mm. Det var en stor suksess.

Så med utgangspunkt i dette vart det bestemt at vi møtes før Solund dagane og bakar potet-kaker samt flatbrød. Vi oppmodar alle våre medlemmar om å komme med forslag og idear til denne markeringa, og vi  treng personar som kan være med på stand og til førebuing..

Ta kontakt med nokon frå styret.


Vi ønskjer alle Slow Food medlemmar og sympatisørar ein fortsatt god slow sommar..

Hilsen Styret i Solund Slow Food

Gry Buer

Irene Vaulen

Nils Bjørgo

Borgny Leirvåg

Frode Kalgraff .(.ny)

Anne Marie Gåsvær Færøy