Dei lokale mattradisjonane forsvinn, mange veit ikkje kor maten kjem frå, korleis den smakar og korleis våre matval påverkar den jorda vi lever på og av.   

Slow Food i Solund

skal arbeide for å forsvare lokale kulinariske mat tradisjonar .


Mat skal vere:

GOD...smakfull fersk og knytt til sesong.  

REIN... produsert på ein rein og rettferdig måte

RETTFERDIG... riktig pris til lokal produsent



Slow Food knyter saman etikk og nytelse i eit ord: økogastronomi.

Økogastronomi er ein hyllest til og ein markering av den gode smaken, handverket i mattradisjonane, småskalaproduksjon og ei stønad til primærnæringane, særleig jordbruk og fiske.Slow Food vil gjenreise respekten for god mat, fremje utvikling av den gode smaken og arbeide for biologisk mangfald. Ein del av naturvernsarbeidet er å ta vare på utryddingstruga husdyrrasar i tillegg til å fremje mangfald og variasjon i utvalget av grønnsaker, få

fram gamle oppskrifter og  utvikle nye for å verdsetje
den gode smaken.



Slow Food handlar om å dyrke dei enkle gledene ved god mat i godt selskap og kople matgleda med ein forplikting overfor dyr,natur og menneske.


LES MEIR:

For å ta vare på
biologisk mangfald
vil SlowFood mellom anna…

 
A K T I V I T E T E Raktivitet.htmlaktivitet.htmlshapeimage_1_link_0

..ta vare på gamle produksjonsmåtar,matprodukt og landskapet dei er ein del av. Arbeidet pågår på lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt plan.

For å ta vare på biologisk mangfald vil SlowFood mellom anna..